All undervisning er på norsk. Du må forstå norsk, og kunne lese, skrive og snakke norsk for å følge undervisninga. Me tilrår at du har nivå B1 før du startar.
Er du minoritetsspråkleg blir du testa i norsk før du eventuelt får tilbod om skuleplass hos oss. Testen heiter Innplasseringstest i norsk (B1/B1+). Dersom du ikkje oppnår B1 på språktesten er rådet vårt at du venter eitt år og søker igjen når du er betre til å lese, skrive og snakke norsk.
Om språktesten
Testen går føre seg på data og består av fire delar:
Lesing - du skal lese tekstar og svare på spørsmål
Lytting - du får lese opp tekster frå PC-en og skal svare på spørsmål
Grammatikk - du skal avgjere kva setningar som er grammatisk rette
Skriving - du skal skrive ein tekst på minimum 200 ord innan eit oppgjeve tema
Testen blir vurdert av ein norsklærar på skulen.
Svar på test
Du får svar på språktesten i e-post eller brev. Du må då svare på om du ønsker å vente med opplæringa eller ønsker å starte no.
Opphaldsløyve
Det er eit krav at du sender kopi av opphaldsløyve som har varigheit minst like lenge som kurset du ynskjer å delta på.