Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.

Helsesjukepleiar

Saghaugen

Helsesjukepleiar på Saghaugen er Iselin L. Amundsen. Ho har mobilnummer 912 46 661. Ho er tilgjengeleg for elevar tysdagar og torsdagar 08-15. Kontoret hennar finn du på rom C310.

Heiane

Helsesjukepleier på Heiane er Elisabth Helland Lunde. Du kan nå henne på mobil 476 11 656. Ho har kontortid på tysdagar og torsdagar mellom kl. 08-15, og kontoret henner finn du på rom H106 (like ved kantina)

Her er døme på noko av det du kan ta opp i samtalen med helsesjukepleiar:

  • Søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk, rusmiddel
  • Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
  • Psykiske vanskar, depresjon, angst, sinne
  • Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
  • Spørsmål om seksualitet og prevensjon
  • Vanskelege forhold til mat og eting, vektproblem
  • Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep