Hopp til hovedinnhold

AMO-Sveisekurs

AMO-Sveisekurs - kontinuerleg inntak

Stord vidaregåande skule arrangerer AMO-sveisekurs i samarbeid med NAV og Aker Solutions. For å kunne søkje kurset, må du mellom anna vere over 19 år og arbeidsledig. Du treng ikkje ha kunnskapar om sveising. 

 

AMO-Sveisekurs 

Kurset har kontinuerleg oppstart. Det er plass til 12 deltakarar, og så snart ein deltakar er ferdig med opplæringa, tek me inn ein ny. Kurset kan gi opplæring i sveising på ulike nivå, og i ulike metodar, mellom anna:

  • 111 elektrode
  • 136 rørtråd

 

Alle kurselevar får tilbod om eitt sveisesertifikat. Kurstida for den enkelte kursdeltakar varierer alt etter kva opplæring ein treng. Nokre deltakarar er innom kurset to-tre veker for å resertifisera seg, medan andre som ikkje har sveist før går på kurs i snitt 18 veker. 

Opplæringa går føre seg i Aker Solutions si opplæringsavdeling på Eldøyane, og det er undervisning kvar dag frå kl. 07.00-15.00. Det meste av opplæringa skjer i verkstaden, kurset har i tillegg ein dag i veka med sveiseteori. Kurset har ingen teoretisk prøve, kun praktisk prøve i form av sertifisering. 

Deltakarar som siktar seg inn på fagbrev vert oppmoda om å melde seg opp til privatisteksamen i sveisefaget.  

 

 

Ønskjer du plass på AMO-kurset?

Det er NAV som administrerer kurset, om du er interessert i kurset må du ta kontakt med NAV. Du finn nyttig informasjon på NAV si heimeside. 

 

Har du fått plass på eit AMO-kurs?

 I inntaksbrevet frå NAV står det kor du skal møta første kursdag. Du får og ytterlegare informasjon om kurset frå NAV, eller ved å venda deg til oss. 

 

Har du behov for innkvartering?

Kursdeltakarar har gjerne behov for ein stad å bu i kurstida. Det finnest mange mogleikar for innkvartering, alt frå hybelhus til private husvære. Eit google-søk kan gi resultat, ta kontakt med oss om du treng hjelp.

 

Trivsel og miljø

Det er viktig for oss at du trivest og finn deg godt til rette! Me gler oss til å bli kjend med deg og håpar du får mykje ut av kurstida, både fagleg og sosialt. Me har tillitsvalde på alle kurs, og me legg til rette for aktivitetar som fremjar trivsel og god læring. 

Det kan vere særs spennande å setje seg på skulebenken i vaksen alder, men me veit at det kjem til å gå heilt fint. Godt samarbeid og god dialog er viktig!   

 

VELKOMMEN PÅ KURS!