Hopp til hovedinnhold
Ny skule

Velkommen til Stord vidaregåande skule

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Me ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen. Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Foreldremøte for vg3-elevane

Foreldre og føresette til vg3-elevar er velkomne til møte i konsertsalen på Saghaugen måndag den 24. mars klokka 17.30.
Johannes Sandvik Bø, landslagsløpar og elev på spissa toppidrett. Foto: @fotoaatte

Spissa toppidrett på Stord vgs

Elevar på høgt nivå i sin idrett, kan få spissa toppidrettsstatus som gir utvida tid til trening, tilrettelegging og oppfølging, mellom anna av Olympiatoppen. Gjelder for elevar på alle utdanningsprogram. Foto: @fotoaatte (instagram)

Aktuelle saker

01.04.2025

Markerte jubileum på meisterleg vis

Musikklinja vår leverte konsert på toppnivå i Nysæter kyrkje på laurdag og i Bremnes kyrkje på søndag, då dei feira 40-års jubileumet sitt.

Frå Nysæther kyrkje
19.03.2025

Nye Erasmus-turar for automasjonselevar og tilsette

"Inclusion for All" er eit internasjonalt prosjekt der me utviklar hjelpemiddel for mennesker med funksjonsvariasjonar, slik at dei kan leve meir sjølvstendig. Automasjonsavdelinga ved Stord vgs bidreg med sensorteknologi til rullestolar

Elevar og tilsette på tur til Belgia
18.03.2025

Verdscupsiger til Krizander

Krizander vann gull i bordtennisturnering i Spania

Krizander med medaljane rundt halsen