Studiespesialiering med business er eit tilbod for deg som ønskjer fokus på nyskaping, økonomi og ser for deg ein karriere i næringslivet. Du lærer om økonomisk styring og leiing av verksemder, korleis økonomiske avgjerder påverkar deg og samfunnet, samt innsikt i gründerverksemd og bedriftsetablering.
Stord vidaregåande skule vil frå skuleåret 2025 – 2026 starta opp ei businesslinje som er ein spesialisert studieretning med fokus på forretningsmessige og økonomiske emne.
Fag som Næringslivsøkonomi, Samfunnsøkonomi og Entreprenørskap og bedriftsutvikling står sentralt i opplæringa. Det vil også bli tilrettelagt for internasjonalisering og ein ekskursjon til utlandet. Studieturar med besøk til ulike institusjonar og bedrifter vil også vera ein del av opplæringa.
Målet med denne utdanninga er å førebu elevar til vidare utdanning, gründertenking og å gje ei karriere innanfor næringslivet.