Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Elevar VG2 Sal og reiseliv på besøk tilø baroniet i Rosendal

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Dette utdanningsprogrammet gjev ei allsidig utdanning og opnar for mange spanande karrieremoglegheiter. Dette er yrke der service og kommunikasjon står i høgsetet.

Aktuelle fagbrev er:

  • Reiselivsfaget
  • Salsfaget
  • Service og administrasjonsfaget
  • Tryggleiksfaget

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Første året  er felles for alle som vel Sal, service og reiseliv. Stord vgs har vg2 tilbodet Sal og reiseliv.

Vil du søkja vg2 Service, tryggleik og administrasjon finn du dette på utvalde skular i Bergen. 

Sal, service og reiseliv, vg1

På første året vil du ha desse faga:

  • Forretningsdrift
  • Kultur og samhandling
  • Marknadsføring og innovasjon
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Kroppsøving

 

Sal og reiseliv, vg2

Hos oss kan du velje Vg2 sal og reiseliv. Her får du desse faga:

  • Forretningsdrift
  • Kultur og samhandling
  • Marknadsføring og innovasjon
  • Norsk 
  • Samfunnskunskap
  • Kroppsøving

 

Elevar som viser fram produkt dei sel i ungdomsbedrifta

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. 

Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule eller universitet.