Hopp til hovedinnhold

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

 Bilete av elev med fotoapparat

Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter.

Etter læretid kan du ta fagbrev i:

  • IT-utviklarfaget
  • IT-driftsfaget
  • Innhaldsproduksjonsfaget
  • Mediedesignfaget
  • Medieteknikkfaget


På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Første året (vg1) er felles for alle som vel informasjonsteknologi og medieproduksjon. På skulen vår kan du på vg2 søkje deg inn på vg2 Informasjonsteknologi. Vil du gå vg2 Medieproduksjon finn du dette tilbodet mellom anna i Bergen.

Informasjonsteknologi og medieproduksjon, vg1

Du vil her få ei god opplæringi det du treng av kunnskap før du seinare spesialiserer deg meir på vg2. Du har har desse faga på vg1:

  • Konseptutvikling og programmering
  • Produksjon og historiefortelling
  • Teknologiforståelse
  • Yrkesfagleg fordjuping
  • Engelsk
  • Kroppsøving
  • Matematikk
  • Naturfag

     

logosvart.JPG

 

Informasjonsteknologi, vg2

På Vg2 Informasjonsteknologi har du desse faga:

  • Utvikling
  • Brukarstøtte
  • Driftsstøtte
  • Yrkesfagleg fordjuping
  • Norsk
  • Samfunnskunnskap
  • Kroppsøving

     

labnet.JPG
Elevar som sit ved pc og søkjer etter informasjon på nett

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.

Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.