Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje Elektro og datateknologi?
Du kan ta fagbrev som elektriker, automatiker, energimontør, telekommunikasjonsmontør, maritim elektriker med meir. På Vilbli finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Første året er felles for alle som vel Elektro og datateknologi. Etter dette kan du hos oss søkje deg inn på:
- vg2 Elenergi og ekom
- vg2 Automatisering
Det er òg mogleg å søkje enkelte vg2 som kryssløp:
- vg2 Industriteknologi
- vg2 Køyretøy
- vg2 Maritime fag