Hopp til hovedinnhold

Trivselsskulen

Bilete av elevmentorar

For å skape eit bra skulemiljø for alle elevar gjennomfører skulen ulike trivselsfremjande tiltak.

Foto av elev med genser med trivselsskulen

Trivselsskulen

Stord vidaregåande skule er ein skule der det skal vera trygt og godt å vera, alle skal trivast og få utvikla seg i trygge omgjevnader. Som trivselstiltak har me mellom anna elevmentorar frå vg2 og vg3. Dei er valde ut og skulerte for å ta godt imot nye elevar, og for å bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø. Elevmentorane har fleire møte gjennom skuleåret, og planlegg og gjennomfører trivselsskapande aktivitetar for medelevar saman med miljøgruppa.
Ansvar for rekruttering og oppfølging av elevmentorane og andre trivselstiltak: Ressursgruppa, som består av rådgjevarar, miljøarbeidarar, leiarar og lærarar.

 

Turbomåndag

Måndagar kan opplevast som ekstra seige og tunge for mange elevar. To av miljøarbeidarane ved skulen har difor sett i gong noko dei kallar Turbomåndag. I matpausen på måndagane arrangerer dei konkurransar, deler ut noko å bite i, underheld med song, har filmsyningar og meir. Turbomåndagane alternerer mellom Saghaugen og Vabakkjen annakvar gong.

Turbomåndag endra.jpg

 

Elevmentorane på skulen

Skulen sine elevmentorar

Elevar som skal starte på vg2 eller vg3 blir oppfordra til å melde seg som elevmentorar. Gruppa med elevmentorar vil hjelpe til med å gi alle elevane, særleg dei nye vg1-elevane, ein god og trygg start på skuleåret. Utover i året er elevmentorane også med på å arrangere ulike trivselstiltak.

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet har møte minimum to gonger per skuleår. Utvalet er sett saman av representantar frå skuleeigar, skuleleiing, tilsette og elevar. Elevrådsstyret representerer elevane.
Ansvar for oppfølging: Rektor.Elevrådet

 

Kantinerådet

Kantinerådet er samarbeidsorganet mellom kantina og skulen og har møte to gonger årleg. Elevar frå elevrådet representerer elevane. I tillegg møter representant frå skuleleiinga, skulehelsetenesta, ein representant frå kantinedrifta Opero og representant for tilsette ved skulen.
Ansvar for gjennomføring: Rådgjevar med oppfølging av elevrådet.

Russestyret

Russestyret blir valt om hausten. Russestyret representerer russekullet i møte med skulen, og har ansvar for den felles russeferinga for dei elevane som ønskjer å delta. Russefeiringa skjer i all hovudsak utanom skuletid. Leiarane for russestyret signerer ein samarbeidsavtale med skulen på vegne av russekullet.
Ansvar for oppfølging: Rådgjevar.

Klassens time

Vg1 har avsett ei økt til klassens time per veke. Vg2 og vg3 kan i dialog med kontaktlærar få tid til klassens time ved behov.
Ansvar for oppfølging: Tillitsvald elev saman med kontaktlærar.