Musikkelevane som går på vg3 skal i haust setje opp førestillinga «Så mye rart kan hende når man bor i en tunnel» på Stord kulturhus. Førestillinga handlar om dei to kompisane Knutsen og Ludvigsen og livet deira i ein tunnel, der dei finn på alle slags moglege saker! Denne fantastiske duoen står saman om å verne den kjære tunnelen sin frå styresmaktene. I tillegg møter dei fleire utfordringar på heimebane, men får stor hjelp frå gode vener og god musikk! 3. klasse ved musikklinja har heile ansvaret for produksjonen, det vil seie produksjonsleiing, musikalsk leiing, regi, koreografi, scenografi, kost/mask, økonomi, lys og lyd, scenearbeid, marknadsføring og servering.