Dagen før elevane tok påskeferie hadde skulen besøk av ein kvintett jazzmusikkerar. Musikarane er på rundreise som ein del av den kulturelle skulesekken. Førestillinga dei framfører har fått namnet Dološ Jienat, som betyr «Stemmene fra fortiden».
Elevane som innfann seg i konsertsalen denne torsdagen fekk oppleve jazz blanda med joik, samstundes som at det vart lagt på lydopptak frå intervju med ein klimaforskar og ein samisk kunstnar forutan representantar frå Natur og ungdom. Det auditive potpurriet vart komplettert med videokunstprojeksjonar på bakgrunnen i konsertsalen. Totalinntrykket blei ein slags samisk klimajam. Eit av verka som vart framført var den samisk nasjonaljoiken i ein jazza versjon. I bresjen for kvintetten med jazzmusikarar stod vokalist Sondre Närva Pettersen som har samisk bakgrunn.