Hopp til hovedinnhold

Elevar på Automasjon deltek på Erasmus+prosjekt

Erasmusutveksling i Tsjekkia

Elevar og tilsette frå skular i seks europeiske land har gått saman i eit Erasmus+prosjektet som har fått tittelen "Inclusion: Human Rights and Chance for All".

Frå Stord vidaregåande er det elevar frå yrkesfaget Automasjon som deltek i prosjektet. Nyleg tok tre elevar på automasjon og to tilsette frå skulen vår turen til Tsjekkia for å vere med på ei av samlingane som er blitt planlagt i samband med Erasmus+prosjektet. Her fekk deltakarane på samlinga høyre om kva dei ulike skulane held på med knytt til det overordna prosjektet. Mange interesssante planar og fokusområde vart presentert. Målsetjinga med Erasmus+prosjektet er at finne gode løysingar på kva som skal til for at eldre og pleietrengande kan bu lengre i heime sin, mellom anna ved å ta i bruk ny teknologi. Skular frå landa Tsjekkia, Belgia, Tyskland, Island, Ungarn og altså Noreg deltek. I semptember 2025 vil representantar frå skulane i dei ulike landa kome hit til Stord for å ta del i den neste samlinga som er planlagt.