I samband med at Stord vgs. startar opp ei Businesslinje hausten 2025, har vi fått ein prat med Magnus Eldøy og Hannah K. Steinsland, som begge tok økonomifag ved skulen vår. Kva var grunnen til at dei valde økonomifag?
For Magnus og Hannah, som studerer økonomi ved høvesvis Copenhagen Business School og Høgskulen på Vestlandet (HVL), var interessa for økonomi tydeleg allereie i ungdommen.
- Eg jobba ein sommar på Rema 1000, der eg møtte ein student frå Norges Handelshøyskole. Han fortalde om kor spennande økonomistudiane var, og det inspirerte meg til å gå den retninga, fortel Magnus.
Hannah på si side fann inspirasjon i økonomifaga ho hadde på Stord vgs.
- Eg likte godt økonomistyring, økonomi og leiing og samfunnsøkonomi. Dei faga gav meg ein god introduksjon og gjorde meg tryggare på valet om å studera økonomi, seier andreårsstudenten.
Læring gjennom case og prosjekt
Gjennom studietida har begge studentane fått innsikt i korleis økonomi påverkar verda. Magnus trekkjer fram eit spesielt minneverdig case frå masterstudiet sitt:
- Eg jobba med selskapet Zipline, som brukar dronar til å levere medisinske varer, som ferskt blod, i utviklingsland. Det var utruleg inspirerande å sjå korleis ein innovasjon kan løyse store samfunnsutfordringar. Det blei ein stor suksess, og seinare har dei tatt konseptet til USA, der dei no samarbeider med kjeder som Walmart, forklarar han.
Hannah har på si side hatt stor nytte av faga som handlar om rekneskap og finans.
Me lærer korleis bedrifter kan setja opp rekneskap og forvalta økonomien sin. Eg har også fått innsikt i lån og korleis desse fungerer – noko eg trur er verdifull kunnskap både i arbeidslivet og privat, forklarar ho.
Ferdigheiter som gir fleksibilitet
Dei er begge einige om at økonomistudiar gir ferdigheiter som kan brukast i mange ulike yrke.
- Eg har lært mykje om strategi, planlegging og prosjektleiing. Dette er universelle kompetansar som kjem godt med i ei brei rekkje jobbar, seier Magnus.
Hannah legg til at økonomiutdanninga også legg vekt på viktige tema som etikk og berekraft:
- Me har mykje fokus på korleis økonomiske avgjerder påverkar samfunnet. Det er kunnskap eg trur vil bli enda viktigare i framtida.
Relevans i eit digitalt og globalt samfunn
Begge studentane peikar på korleis økonomifaga rustar dei for ei verd som stadig blir meir globalisert.
- Økonomiutdanninga gir oss forståing for korleis marknadar fungerer, og korleis inflasjon og global økonomi påverkar kvarandre. Det er kunnskap som er kritisk for å navigera i ei verd som er i rask endring, meiner Hannah.
Råd til framtidige studentar
Magnus og Hannah oppmodar elevar til å vurdere økonomistudiar, sjølv om valet kan vera vanskeleg.
- Det er ikkje dumt å prøva ut studiet. Økonomistudiar gir ei brei utdanning som kan brukast til mykje forskjellig og i mange yrke, seier Hannah. Magnus er einig og legg til:
- Økonomisk forståing er nyttig i alle bransjar. Dette er ein retning som opnar mange dører.
Framtidsutsikter
For framtida ser både Magnus og Hannah seg sjølve i jobbar der dei kan bruka kunnskapen dei har tileigna seg.
- Eg trur eg kjem til å fokusera på leiing, sidan det er noko eg trivst veldig godt med, fortel Hannah.
Magnus avsluttar:
- Eg gler meg til å bruke det eg har lært og sjå kva moglegheiter som opnar seg framover!
Dersom du tenkjer at businesslinja er noko for deg, søkjer du studiespesialisering i Vigo. Deretter sender du ein e-post til post.stv@vlfk.no innan 20. februar. Du kan også ta kontakt med avdelingsleiar Arild Ingvaldsen på e-post arild.ingvaldsen@vlfk.no eller karriererådgjevar Gunnhild Vatne Ersland på e-post gunnhild.vatne.ersland@vlfk.no
Du kan også lesa om tilbodet på heimesida vår, stord.vgs.no.