På Stord vidaregåande skule jobbar me målretta for at alle som ønskjer det skal få læreplass.
Steget ut i arbeidslivet
Alle elevane blir godt kjende med reglane i arbeidslivet og får gode kunnskapar om bransjen dei ønskjer læreplass i. Dette får dei gjennom faga på skulen, og særleg gjennom arbeidspraksis i bedrift i faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Me veit at 60-70 % av elevane får læreplass i den bedrifta dei har kontakt med gjennom YFF-faget.
Alle elevane på yrkesfag har arbeidspraksis i ei bedrift både på vg1 og vg2.
Kvifor er arbeidspraksisen viktig?
Føremålet med arbeidspraksisen er mellom anna å
- bli kjend med arbeidsoppgåvene, innhaldet og metodane i yrket.
- oppnå kompetanse gjennom praktisk arbeid.
- gje elevane realistisk kjennskap til ulike moglegheiter og retningar innanfor programområdet, før dei vel utdanningsløpet sitt vidare.
Ni råd for å få læreplass
- Ver tidleg ute! Start jakta på læreplassen allereie i januar eller februar.
- Bruk utplassering i yrkesfagleg fordjuping (YFF) til å finne potensielle lærebedrifter og for å skaffe deg referansar.
- Ta ansvar og vis interesse!
- Det er ein fordel om du kontaktar bedriftene direkte.
- Bank på mange dører, og ver ikkje redd for å få eit nei.
- Det er viktig at du får vist deg frå di beste side. Jobb godt med CV, søknad og førebu deg til intervju og øv med ein du er trygg på.
- Kjenn deg sjølv og dine positive eigenskapar. Då vert det lettare å overtyde ein arbeidsgjevar om å velje nettopp deg.
- Mange bedrifter lyser ut ledige læreplassar på heimesida si, eller på finn.no og nav.no. Sjekk nettsidene kvar veke fram til du har sikra deg læreplass.
- Oversikt over godkjente lærebedrifter finn du på www.vilbli.no. Her finn du også kontaktinformasjon til opplæringskontor som kan hjelpe deg.
Dersom du ikkje finn deg læreplass på eiga hand, bør du be om hjelp. Spør læraren din eller rådgjevar her på skulen.