Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.
Helsesjukepleiar
Saghaugen
Helsesjukepleiar på Saghaugen er Iselin L. Amundsen. Ho har mobilnummer 912 46 661. Ho er tilgjengeleg for elevar tysdagar og torsdagar 08-15. Kontoret hennar finn du på rom C310.
Heiane
Helsesjukepleier på Heiane er Elisabth Helland Lunde. Du kan nå henne på mobil 456 59 860. Ho har kontortid på måndagar og torsdagar mellom kl. 08-15, og kontoret henner finn du på rom H106 (like ved kantina)
Her er døme på noko av det du kan ta opp i samtalen med helsesjukepleiar:
- Søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk, rusmiddel
- Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
- Psykiske vanskar, depresjon, angst, sinne
- Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
- Spørsmål om seksualitet og prevensjon
- Vanskelege forhold til mat og eting, vektproblem
- Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
- Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
- Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep